Juryleder Harald Stanghelle overrakte prisen til (f.v.) Hans Petter Aas, Thomas Ergo og Rune Vandvik. (Foto: Gard L. Michalsen, Medier24)

Fikk Den store journalistprisen for «Glassjenta»

Thomas Ergo, Hans Petter Aas og Rune Vandvik i Stavanger Aftenblad er tildelt Den store journalistprisen for arbeidet «Glassjenta».

Se video fra prisutdelingen her.

Den store Journalistprisen ble delt  ut under Adresseavisas jubileumsmiddag tirsdag kveld. Her er juryens begrunnelse:

«Det er ei heilt spesiell kjensle å stå her på Adresseavisens 250 års jubileum for å dela ut Den store journalistprisen. Det inviterer til å kasta eit blikk på den lange linjene i norsk journalistikk.
Vår samfunnsrolle.
Og vår samfunnsforståelse.
Ikkje minst i dag når vi i mediene står midt oppi den største omveltninga sidan Gutenberg gjorde massespreidt bodskap mogeleg.
Vi veit kvar vi kom frå.
Vi veit sånn nokonlunde kvar vi er.
Men vi veit ikkje kvar vi endar.
Men ein ting veit vi: Journalistikk med kvalitet kjem aldri å gå av moten.
Innhald med nerve og substans vert aldri gamaldags.
Vi i juryen for Den store journalistprisen veit noko om nettopp dette. På vårt bord har vi hatt noko av det ypperste av dagens journalistikk.
Det gravande prosjektet.
Den personlege forteljinga.
Den intense og dristige tilstadeværelsen.
Den konsekvensfylte reportasjen.
Den analytiske kommentaren.
Den råkande teikninga.

Vi seks som har utgjort juryen –
Kirsti Husby, Meddiebedriftene
Silje Hovland, TV2
Tove Lie, Fagpressen
Ole Torp, NRK
Finn Våga, NJ
Og underteikna, Harald Stanghelle frå Norsk redaktørforening –

Vi har hatt det privilegium å kunna velgja mellom det beste av den journalistikk som vert signert i kongeriket.
Og juryen har kjent den plaga det er å måtte vraka.

På bordet vårt har vi hatt journalistikk til å verta glad for.
Til å beundra.
Journalistikk som set samfunnsprosessar i bevegelse.
Som rører sinna.
Og som endrar oss som menneske og som samfunn.

Både kvar for seg og samla er dette journalistikk som viser fram det meiningsfulle i det vi driv med.
Og som minner oss om at den journalistikk har vi mykje av i dette landet.

Vi har hatt bak oss ei tid som har introdusert oss for nedlatande begrep som «fake news» og «MSM» i omtalen av det vi har vigd våre liv til.
«Journalister er de verste menneskene på kloden,» proklamerte nyinnflyttaren i Washingtons mest eksklusive adresse. Det kan vi kanskje skriva på kontoen for diskutabel impulskontroll.

Men det fenomen valet av han og ein del andre politikarar, også på vårt eige kontinent, er eit uttrykk for skal vi ta på djupt alvor.

For det er ein snev av sanning i at vi mediefolk for ofte observerer samfunnet frå vår eigen privilegerte ståstad. Den vert forma av at vi dei siste siste tiåra har teke større og større samfunnsplass. Vi er nok vorte meir sjølvbevisste. Det er ikkje lenger slik at vi står nederst ved døra når makta samlast. Vi inviterer gjerne oss sjølv til å sitja ved hovudbordet. Det hender då også at vi fortener plassen vår der.

Men fåren ved dette er at instinktet vårt om å sjå samfunnets nedanfrå vert svekka.
At genet vårt for å verta ekte opprørt på vegne av samfunnets stebarn vert utvatna.
At vi sosialiserer oss inn i ein samforstand med anna samfunnsmakt.

Det kan ikkje innvendast mot dei tre vinnarane bak årets prisarbeid.
Dei har instinkta intakt.
Og dei gjenkjenner makt og maktmisbruk når dei ser den.
Også når det krev å gå inn på det kanskje mest sensitive og etisk problematiske vi journalister nærmar oss.

For Den store journalistprisen går til Thomas Ergo, Hans Petter Aas og Rune Vandvik i Stavanger Aftenblad for arbeidet «Glassjenta».

Vi kjenner alle kritikken mot journalistikkens letthet.
Nokon vil seia journalistikkens uuthaldelege letthet.
Årets prisvinnarar har kjent noko anna.
Dei har kjent, og formidla det så sterkt at også vi andre har kjent børa av journalistikkens tyngde.

«Jeg har vært i barnevernet i 7 måneder og jeg skal flytte til min 7. plass nå. Jeg blir ikke hært av barnevernet. Jeg krever sterk granskning av barnevernet. Politiet som har samarbeidet med barnevernet har også brukt hjelpemidler som «handcuffs» der du blir satt i håndjern med lenke til foten. Det har de ikke lov til på ei jente på 16 år. Jeg trenger hjelp til å bli hørt av barnevernet og det er gått for langt. Setter pris på at folk får lese dette. Hilsen anonym.»

Slik var skjermbrevet purunge «Ida» sende fleire norske redaksjonar. Men det var Thomas Ergo i Stavanger Aftenblad som fanga det opp.
Tok det på alvor.
Tok kontakt.
Gjekk ut og oppsøkte den gjenstridige verkelegheiten.
Involverte redaksjonsleiarar og kollegane Hans Petter Aas og Rune Vandvik.

Mange månader og mykje insisterande tålmodigheit seinare publiserte Stavanger Aftenblad den framifrå og skjellsetjande reportasjen «Glassjenta».
Alle plattformer vart teke i bruk.

Det må vore månader med tvil – og med tru.
Vegen inn i eit presseetisk minefelt må ha vore tung.
Barnevernssaker er kanskje det vi journalistar kvir oss mest for å gå inn i.

Difor let vi oftast slike saker liggja.

Men Stavanger Aftenblad-teamet gjorde ikkje det.
Den gjekk inn i den vanskelege historien.
Møtte «Ida» med respekt, varme og ope sinn.
Og slik avdekka dei eit system som ikkje evna å samarbeida til traumtiserte barns beste.
Eit system som ikkjje såg summen av all tvangsinngrep og maktmisbruk.
Eit system som vende det døve øyret til for «Idas» rop om hjelp.

Ergo, Aas og Vandvik gjorde det motsette:

Dei lytta.
Dei såg.
Dei trassa dei mange i maktapparatet som ville stoppa dei.
Og dei utviste noko så sjeldant som uendeleg tålmod.

«Jeg trenger hjelp for å bli hørt,» skreiv Ida.

Den hjelpa fekk ho.
Av prisvinnarane i Stavanger Aftenblad.

I ettertid kan vi summera opp at reportasjen om «Glassjenta» førte til stortingsdebatt og det som er kalle ein «nærhetsreform i barnevernet».

Menneskerettsbrit er erkjent.
Systemsvikt er dokumentert.
Rutiner er endra.
I sum er landet vårt vorte noko betre for samfunnets stebarn.
Avdi «Ida» vart høyrt.

God journalistikk nyttar.
Den gjer noko med oss.
Som menneske.
Og som nasjon.

Vi treng den og vi treng den sårt.

Juryen for Den store journalistprisen er stolt over å gje årets pris til Thomas Ergo, Hans Petter Aas og Rune Vandvik for «Glassjenta»!

Gratulerer!»