Standard objektvisning. Klikk for å lage en ny tilpasset mal, Node-ID: 9683, Objekt-ID: 10593

Sogn Avis

Sogn Avis

Sogn Avis

Habilitet og interessekonflikt

Eg skal ikkje lata mine eigne personlege interesser virka inn på arbeidet mitt eller lata personleg vinning koma føre arbeidet mitt. Eg skal heller aldri ta del i, eller prøva å påvirka ei avgjerd dersom det føreligg interessekonflikt. Skulle det oppstå interessekonflikt, skal eg på eige initiativ melda frå til næraste føresette (avd.leiar eller redaktør/disponent) om inhabilitet eller interessekonflikt.

Verv, posisjonar og eigarskap i eksterne verksemder

Som tilsett i Sogn Avis skal eg ikkje ha andre stillingar eller utføra arbeid for andre i arbeidstida utan særskilt samtykkje frå overordna.

Engasjement i eksterne verv og posisjonar er positivt, men må ikkje ha eit omfang eller vera av ein slik art at det går ut over arbeidstilhøva eller koma i konflikt med Sogn Avis sine interesser. Styreverv i, rådgiving/arbeid for eller eigarskap i kundar, leverandørar, samarbeidspartnarar eller konkurrentar si verksemd, samt verv og posisjonar som er av eit omfang eller av ein slik art at det kan virka inn på arbeidstilhøvet, krev skriftleg samtykkje frå overordna.

Gåver og anna merksemd

Eg skal alltid visa varsemd i forhold til å tilby eller ta i mot gåver og anna merksemd. Dette gjeld alle typer gåver, også reiser og arrangement. Eg skal ikkje ta i mot gåver eller anna godtgjersle dersom dette kan påverka, eller det kan tenkjast å påverka, min uavhengigheit og integritet. Tvilstilfelle må alltid leggjast fram for næraste overordna.