Foto: Erik Waatland/Eivor Eriksen/Reidun Kjelling Nybø

Gjenopplev Medieleder 2019 her

Vi har samlet alle opptakene fra Medieleder 2019 her. Samme sted vil du etter hvert finne presentasjoner fra konferansen. Her kan du også lese talen som NRs nye styreleder Hanna Relling Berg holdt på kom-sammen-arrangementet kvelden før konferansen.

Her finner du opptak fra alle sesjonene i hovedsalen under Medieleder 2019

Sesjonene er også delt opp slik at du kan lenke til hvert enkelt:

Paralellsesjoner i hovedsalen:

Her er opptak fra Slik gjør vi det-sesjonene i Studio 1/2 (Aftenposten, Fiskeribladet, Dagbladet og DN)

Her er opptak fra Slik gjør vi det-sesjonene i Studio 3 (Namdalsavisa, NRK Sørlandet, IJ og Aftenposten Junior)

Her er programmet og deltakerlisten

Styrelederens tale

Her er talen som NRs styreleder Hanna Relling Berg holdt på NRs kom-sammen-arrangement tirsdag kveld:

Kjære gode kollegaer.

Eg høyrde nyleg nokre presseveteranar som sukka og sa at glanstida for journalistikk er over. Men det stemmer ikkje! Vi har aldri tidlegare hatt så mange mulegheiter til å lage god, grundig journalistikk. Vi kan grave djupare og meir systematisk i store datamengde, vi har fått verktøy til å visualisere og utvikle nye forteljarteknikkar,  vi kan bruke animasjon til å forklare kompliserte samanhengar  på ein enkel måte. Journalistikkens glanstid er på ingen måte over – den har berre så vidt begynt. Vi må sørge for at den får gode vekstvilkår. Digitaliseringa har gitt oss ei rikare redaksjonell verktøykasse, men den har samtidig knust delar av forretningsmodellen vår. Utfordringa er å finne nye måtar å finansiere journalistikk. Eg hadde derfor store forhåpningar til mediemeldinga som vi gjekk og venta på i lang tid. Meldinga kom i slutten av mars, og vart ein nedtur. 

Først det positive:

 Det er gledeleg at regjeringa er så tydeleg på at redaktørstyrte medium er ein av grunnsteinane i demokratiet. Samfunnet er avhengig av truverdig og kvalitetssikra informasjon. Det er behov for ei fri og uavhengig presse som stiller makta til ansvar, som opnar opp og sørger for innsyn i offentleg forvaltning. Mediepolitikk er ikkje næringspolitikk, men demokratiutvikling. Det handlar om kva samfunn vi skal ha i framtida, og det er mykje som står på spel.

Nettopp fordi samfunnet sitt behov for god journalistikk er så godt dokumentert i meldinga, kunne ein ha forventa at det vart lagt fram gode løysingar. Dei manglar. Når det ikkje vart noko av forslaget om mellombels fritak for arbeidsgivaravgift, burde regjeringa ha kome opp med andre tilsvarande tiltak somhar same effekt. Tiltak som er basert på objektive kriterium. At mykje makt skal samlast på få hender i eit mediestøtteutval, reiser mange nye problemstillingar. Dette må det jobbast vidare med.

Teknologi gir oss nye redaksjonelle verktøy. Men uansett kor fin og fjong den journalistiske presentasjonen kan bli – så er alt verdilaust dersom innhaldet ikkje er til å stole på. Det er presseetikken som skil journalistikk frå mangt av det andre som finst på nettet i dag.

Vi må sørge for at journalistikk ikkje blir eit utvatna omgrep. Vi må ikkje senke krava til det journalistiske handverket. Når vi gjer feil, – og det gjer vi alle saman – så må vi vere opne om det – og beklage. Det er det som skaper tillit. 

Journalistikk handlar om å søke etter sanning. Av og til er sanninga enkel å finne, i form av rein faktainformasjon. Andre gonger må ein leite og sette saman bitane i eit stort og vanskeleg puslespel, ved å hente inn ulike stemmer, synspunkt og ulike perspektiv. Det er ikkje lett, men det er journalistikk. Det blir laga mykje god journalistikk, både i små og store mediehus over heile landet, som bidrar til å skape opnare og betre lokalsamfunn. 

«Kjernen i vårt demokrati er å snakke med de man er ueinige med», skreiv Nordlys på leiarplass for nokre dagar sidan. Det er så sant, så sant. Det er ikkje slik at meiningar forsvinn, fordi vi stenger dei ute. 

Her er eit eksempel på det:

Ein mann på 28 år var så fortvila over at han ikkje fekk publisert ytringane sine, at han i rein frustrasjon starta si eiga alternative avis. Nei, dette skjedde ikkje i fjor, men i 1882. Olaf Sandvig var Venstremann og kjempa for at Norge skulle kome seg ut av unionen med Sverige. I heimbyen hans Ålesund var det på den tida to konservative aviser som avviste alle lesarinnlegg og artiklar som dei sjølv ikkje var einige med. Å kjempe for unionsoppløysing, og dermed gå mot Kongen – var meiningar som skapte avsky. Unge Sandvig vart utsett for «no-platforming» – som er eit gammalt fenomen. Det fekk han ikkje til å endre oppfatning. Tvert om. Han starta si eiga avis, Sunnmørsposten. Då den kom på gata var mange rasande. 

Det blir fortalt at eit av eksemplara vart hengt opp på eit husvegg slik at folk kunne kaste stein på det. I ei historiebok står følgande:

«De gjennomboret det med en stokk og rev og trampet det i filler, og lot så ved et veldig seiershyl meddele at nu var en fiende drept i fødselen”

Slik gjekk det ikkje. Det var dei to andre avisene som etter nokre år vart lagt ned.

I den aller første utgåva av Sunnmørsposten vart det slått fast på leiarplass at dette skulle vere ei avis som er open for ulike meiningar; «Den vil således åbne sine spalter for oppsatser av forfattere der deler et andet synspunkt i politisk retning end bladet». Det er like aktuelt i dag.

Folk treng å forstå kva slags argument og tankegang ein politisk motstandar kan ha for sitt syn. Å opne for meiningar ein sjølv mislikar, betyr ikkje at ein godkjenner synspunkta, men at ein tillèt usemje. Ytringsfridom må omfatte alle. I eit demokrati har også mindretalet rett til å kome fram med sine synspunkt.

Men, men vil mange spørje; finst det då ingen grenser for kva ytringar ein skal tillate? Sjølvsagt finst dei, og ei av dei viktigaste oppgåvene for oss som redaktørar er å handheve desse grensene.

Mi grense går ved oppfordring til vald og ved det eg kallar dehumanisering. For eksempel når menneske blir omtalt som kakerlakkar og skadedyr som – underforstått bør utryddast. Historia fortel kva uhyggelege konsekvensar slik ordbruk kan få. 

Tutsiar vart omtalt som kakerlakkar på radio i Rwanda før folkemordet i 1994. Nazistane omtalte jødane som skadedyr som måtte drepast. Det gjorde inntrykk å lese boka To søstre av Åsne Seierstad, om dei to norske jentene som reiste til Syria for å slutte seg til IS. . I boka får ei av søstrene spørsmål om korleis ho kan forsvare drap og massevaldtekter av jesidi-jenter, og ho svarar. Dei er ikkje menneske. Dei er berre krigsbytte. Når menneske blir dehumanisert og fråteke menneskeverd, er det verkeleg fare på ferde.

Eit menneskesyn som slår fast at alle menneske er likeverdige, uavhengig av kjønn, alder, legning, etnisitet, religion, status etc . er basisen for mitt arbeid som redaktør.  Dei viktigaste orda er ytringsfridom, likeverd, menneskeverd.  

Kvar dag er det journalistar og redaktørar andre stadar i verda, som risikere livet ved å gjere jobben sin. Norge ligg på verdstoppen når det gjeld pressefridom, og den må vi forvalte på beste måte. Det må alltid vere rom for å kritisere religionar, ideologiar og politiske retningar. Vi må ikkje snevre  inn den offentlege samtalen. Redaktørstyrte medium er avgjerande for at demokratiet skal fungere, og i dette viktige arbeidet må vi støtte kvarandre. Eg håper derfor at kvar enkelt av dokke kan reise heim frå medieleiarsamlinga med fagleg påfyll og ny inspirasjon, og vite at de gjer ein fantastisk viktig jobb.