Hanna Relling Berg talte ved åpningen av NRs høstmøte.

Her er Hanna Relling Bergs åpningstale

Høstmøtet 2020 er igang. Les NRs styreleder, Hanna Relling Bergs åpningstale her.

Hanna Relling Berg er ansvarlig redaktør i Sunnmørsposten og styreleder i Norsk Redaktørforening. Hun var med på høstmøtet via Sunnmørspostens studio i Ålesund:

Kjære kollegaer

 For eit år sidan var vi samla til haustmøte i Tromsø, og då betydde korona noko heilt anna enn virus. Hadde nokon fortalt oss den gong at det skulle bli forbode  å handhelse, og at vi skulle vandre rundt med munnbind  – ja då ville det ha vore ein artig spøk.

 Ein dag i mars vart alt forandra.

Det har vore eit tøft år på mange måtar, og det kan framleis bli krevjande framover.

 Dei fleste av oss har ansvar for medarbeidarar som kan trenge både oppmuntring og inspirasjon. Det er mange som opplever denne situasjonen svært belastande. Skal vi ha noko å gi til andre,  treng vi fagleg påfyll sjølve.  Derfor er det lagt opp til eit svært innhaldsrikt program i dag, som eg håper skal bli både matnyttig og inspirerande.  

Det overordna målet til Norsk Redaktørforening er å kompromisslaust forsvare  ytringsfridom og redaktørinstituttet.  Utan ytringsfridom har vi ikkje noko vern om alle dei andre menneskerettane.

Redaktør Fred C. Gjestad i avisa Raumnes skreiv nyleg ein interessant kronikk på journalisten.no med gode refleksjonar om lokaljournalistikk og paragraf 100 i Grunnlova

Bakgrunnen var at avisa var blitt saksøkt for ærekrenking i samband med ein serie artiklar om ei skulejente som angivelig vart køyrt for langt av drosja på veg til skulen. Det vart stilt spørsmål om bruken av offentlege midlar. Historia fekk ei god løysing for jenta, ved at ho fekk køyre skulebuss den kortaste vegen. Men drosjesjåføren opplevde han vart ærekrenka av avisa, og fekk medhald i det. Når avisa likevel vart  frikjent i to rettsinstansar, så skjer det ved at dommarane viser til ytringsfridomsparagrafen, og dette er svært interessant:

Det blir peika på at sjølv ærekrenking kan forsvarast så lenge dei inngår i ein større journalistisk prosess som søker mot sannheita,  og korrigerer bildet når ny informasjon kjem fram.

Nettopp det å søke etter sannheit var eit av forholda som det vart lagt ekstra vekt på, då paragraf 100 vart revidert i 2004. Formålet med revisjonen var å styrke grunnlovsvernet om ytringsfridomen, som er heilt avgjerande for at vi skal ha eit demokrat i Norge.

Ved fri meiningsutveksling kan vi få ny kunnskap, teste ut argument, lytte og lære av kvarandre. Når ulike syn i ei sak får bryte seg mot kvarandre, kan ein i fellesskap kome fram til større erkjennelse.

Det er dette journalistikk handlar om:  

Leite etter fakta. Søke etter sannheit. Gi rom for ulike synspunkt. Gi plass for meiningar, også dei mest upopulære.  Jobben vår er å stile kritiske spørsmål ved ulike forhold i samfunnet, sjølv om enkelte dermed kan føle seg krenka.

I september var det 15 år sidan karikaturstriden, som førte til at redaktør Vebjørn Selbekk vart drapstruga då han publiserte faksimile av Muhammed-teikningane frå Jyllandsposten.  Selbekk vart ståande nokså åleine då det storma som verst, bortsett frå støtta han fekk frå tidlegare generalsekretær i Presseforbundet, Per Edgar Kokkvold. Det er viktig å anerkjenne den store innsatsen desse to gjorde den gongen, for å verne om den friheita vi alle kan ta for gitt.  

Mange hadde håpa at striden om teikningane var over.  Dessverre er det ikkje slik.

I oktober vart læraren Samuel Paty halshogd fordi han  underviste om ytringsfridom, og brukte desse teikningane som døme.  Det tankegodset som kan få eit menneske  til å utføre ei så uhyrleg bestialsk handling må fram i lyset. Islamisme er ein trussel mot demokrati og frihdom, når drap og vald blir brukt for å undertrykke meiningar.  

Menneske skal vi verne om, uansett kva dei trur eller ikkje trur på, men politiske og religiøse ideologiar må alltid kunne diskuterast og kritiserast.

Utan ytringsdom vil dei som har makt kunne  diktere kva vi skal tru og meine.  Kampen for denne fridomen er ikkje vunne ein gong for alltid.

Neste år er det 250 år sidan Hans Nielsen Hauge vart fødd. Han var ein pioner i kampen for ytringsfridom.  Han kritiserte alle former for maktmisbruk.  Han lærte folk at dei måtte tenke sjølv, og ikkje stole blindt på prestar  og andre autoritetar. Hauge vart stadig arrestert for det han sa eller skreiv, og sat mange år innesperra i fengsel. Historia om Norge ville ha sett annleis ut dersom han ikkje hadde kjempa denne kampen.

Vi skal også vere ein kompromisslaus forsvarar av redaktørinstituttet.

Desinformasjon og falske nyheiter blir ein stadig meir alvorleg trussel mot det norske demokratiet, i følgje den risikorapporten til Nasjonal sikkerheitsmyndigheit. Trusselaktørar kan bruke falske nyheiter til å de stabilisere Norge, og koronakrisa gjer oss endå meir sårbare.

Medisinen mot falske nyheiter er fakta som kan sjekkast og etterprøvast, og eit opplyst, offentleg ordskifte.

Det strenge etiske regelverket som norsk presse har forplikta seg på å følgje, med Vær varsam plakat, Redaktørplakat  og sjølvdømmeordninga i Pressens faglege utval – er unikt i internasjonal samanheng. Desse ordningane er det viktig å styrke.   

For nokre år sidan var det mykje som skulle til for å starte ei ny avis.  I dag er det svært enkelt – og det er positivt.   Det kan bety fleire stemmer i samfunnsdebatten. Men enkelte gründerar startar nye publikasjonar utan kjennskap til verken journalistikk og presseetikk, og kunne hatt nytte av å vite meir i forkant.  

Redaktørtittelen er fri, og slik ønskjer vi at det skal vere. Vi ønskjer på ingen måte ei slags statleg sertifisering av redaktørrolla.

Det vi er tydeleg på,  er at for å bli medlem i Norsk Redaktørforening må vedkomande oppfylle dei krava som er nedfelt i vedtektene . Dette er fordi vi ønskjer å styrke den redaksjonelle yrkesetikken, ikkje svekke den.

Samtidig ønskjer vi at redaktørfellesskapet skal vere så mangfalding som muleg, både når det gjeld kjønn, politiske synspunkt, gjerne frå ytterfløyande i det politiske landskapet, livssyn, legning,  etnisitet, alder og så vidare.

For å løyse denne utfordringar har styret i NR vedtatt å be Institutt for Journalistikk om å  utarbeide kurstilbod til personar som jobbar som redaktør,  eller ønsker å bli redaktørar, men manglar journalistfagleg bakgrunn.

Koronapandemien har gjort 2020 til eit rekordår når det gjeld lesaroppslutning for norske medium.  Ei fersk analyse frå Kantar viser at norske medium nyt høg tillit i befolkninga når det gjeld dekning av korona.

Vi må kvar dag jobbe for å gjere oss denne tilliten verdig. Stadig fleire blir klar over den viktige rolla som redaktørstyrte medium har for å sikre truverdig informasjon. Det gir grunn til optimisme.