Redaktørplakaten (nynorsk)

Dette er Redaktørplakaten i nynorsk versjon.

Redaktøren sine plikter og rettar

Ein redaktør skal ivareta ytringsfridommen, pressefridommen og informasjonsfridommen. Gjennom si redaktørgjerning skal redaktøren arbeide for den demokratiske rolla til dei frie media og det som etter hans/hennar meining tener samfunnet.

Redaktøren har det personlege og fulle ansvaret for innhaldet i mediet.

Redaktøren skal ivareta anonymitetsretten og kjeldevernet. Redaktøren skal fremje fri informasjonsformidling og ein open, reieleg og sanningssøkande journalistikk. Det er redaktørens ansvar å syte for eit tydeleg skilje mellom fakta og meiningsinnhald, og at det går klart fram kva som er redaksjonelt innhald og kva som er kommersielt materiale.

Redaktøren må forplikte seg på utgivargrunnlaget til eigaren, og arbeide i tråd med grunnsynet og formålet til mediet. Innafor denne ramma skal redaktøren leie redaksjonen fritt og uavhengig og stå fritt til å utforme og avgjere innhaldet og meiningane til mediet. Korkje offentlege styresmakter, eigarar, kommersielle aktørar eller noka anna interessegruppe kan gripe inn i denne fridommen. Dersom redaktøren kjem i uløyseleg konflikt med utgivargrunnlaget, pliktar han/ho å trekkje seg frå stillinga si.

Redaktøren har det fulle ansvaret for verksemda til redaksjonen og leier dei redaksjonelle medarbeidarane. Redaktøren rapporterer direkte til utgivar/styre. Redaktøren representerer utgivar/styre overfor redaksjonen, og representerer samtidig redaksjonen overfor utgivar/styre. Redaktøren kan delegere myndigheit i samsvar med fullmaktene sine.

                                                                                                                                       Denne erklæringa er blitt til i samarbeid mellom

Mediebedriftenes Landsforening (tidlegare Norske Avisers Landsforbund)

 og Norsk Redaktørforening,

og er vedteken av begge organisasjonane 22. oktober 1953, revidert i 1973, 2004 og 2019.

 

Mediebedriftenes Landsforening              Norsk Redaktørforening

Tove Nedreberg (MBL)                                    Hanna Relling Berg (NR)