Redaktørplakaten på nynorsk

Dette er Redaktørplakaten i nynorsk versjon.

Plikter og rettar for redaktøren

Ein redaktør skal alltid ha dei ideelle måla til dei frie media for auge. Redaktøren skal verne om ytringsfridommen og etter beste evne arbeide for det som etter hans/hennar meining gagnar samfunnet.

Gjennom sitt medium skal redaktøren fremje ei sakleg og fri informasjons- og opinionsformidling. Redaktøren skal leggje vekt på at det i journalistikken står klart for mottakaren kva som er reportasje og formidling av informasjon og fakta, og kva som er mediet sine eigne meiningar og vurderingar.

Det er ein føresetnad at redaktøren deler grunnsynet og føremålsreglane til mediet. Men innafor denne ramma skal redaktøren kunne leie redaksjonen fritt og uavhengig, og stå heilt fritt til å forme meiningane til mediet, sjølv om dei i enkelte spørsmål ikkje vert delte av utgivaren eller styret. Kjem redaktøren i uløyseleg konflikt med grunnsynet til mediet, pliktar han/ho å trekkje seg  tilbake frå si stilling. Redaktøren må aldri la seg påverke til å hevde meiningar som ikkje er i samsvar med hans/hennar eiga overtyding.

Den ansvarlege redaktøren har det personlege og fulle ansvaret for innhaldet i mediet. Redaktøren leier og har ansvaret for verksemda til medarbeidarane sine, og er bindeleddet mellom utgivaren/styret og dei redaksjonelle medarbeidarane. Redaktøren kan delegere retten til å ta avgjerder i samsvar med fullmaktene sine.

Denne erklæringa er blitt til i samarbeid mellom Norske Avisers Landsforbund (nå Mediebedriftenes Landsforening) og Norsk Redaktørforening, vedteken av begge organisasjonane 22. oktober 1953, revidert i 1973 og 2004.

  Mediebedriftenes Landsforening  Norsk Redaktørforening
    Olav Terje Bergo Marit Haukom