Hallstein Vemøy har skrevet masteroppgaven "Fleksibilitetens kompleksitet" - om mellomleiarrolla i komplekse organisasjonar - ein casestudie av NRK.

Foto: NRK

Masteroppgåve om mellomleiarrolla i komplekse organisasjonar

Stipendet frå vederlagsfondet til Norsk Redaktørforening blei brukt til å fullføre mastergraden i organisasjon og leiing ved NTNU hausten-22. Temaet for masteroppgåva var mellomleiarrolla i komplekse organisasjonar, med eigen arbeidsplass NRK som case.

 

LES MASTEROPPGAVEN HER.

Problemstilling: Teknologigigantane Apple, Google og Meta/Facebook har i meir enn eit tiår utfordra både posisjonen og den sosiale rolla til mediebransjen verda over. Framveksten av nye aktørar har auka behovet for omstilling og innovasjon. Organisasjonar søker nye strukturar eller samarbeidsformer for å vere i betre stand til å møte dei raske endringane. Masteroppgåva undersøker slike strukturelle endringar i mediebedrifta Norsk Rikskringkasting, NRK, med vekt på kva mellomleiarar opplever som sentrale utfordringar ved fleksibiliseringa og korleis dei handterer desse. Formålet har vore å få meir innsikt i og auka bevisstheit om mellomleiarrolla i ein kompleks organisasjon som NRK.

Temaet blir belyst gjennom fokusgruppeintervju med 14 mellomleiarar frå ulike avdelingar og divisjonar i NRK, og sett opp mot sentrale teoriar innan organisasjon, leiing og samarbeid. Forklaringar på utfordringar ved fleksible organisasjonsformer er gitt med utgangspunkt i kompleksitetsteori og ein analytisk modell blir presentert for å vise moglege samanhengar mellom kompleksitet og leiarform.

Hovudfunn: Nokre hovudfunn er at strukturell og kulturell kompleksitet ser ut til å auke med graden av fleksibilisering i organisasjonen. For organisasjonen og mellomleiarane spesielt, inneber fleksibiliseringa behov for meir informasjon, koordinasjon og kommunikasjon mellom ulike miljø og nivå. Ulike samarbeidsformer internt i NRK og mot eksterne aktørar aukar kompleksiteten for mellomleiarane ytterlegare. Fleksibiliseringa fordrar også tydelegare prioriteringar på operativt og strategisk nivå. Mellomleiarane handterer kompleksiteten gjennom leiarformer prega av tillit, medverknad, motivasjon og tilrettelegging.  Å vektlegge faktorane oversikt, openheit og kommunikasjon i organisasjonen er føreslått for å gjere mellomleiarrolla meir handterbar.

Auka bevisstheit om leiarrolla og endringar i organisasjonar: Mastergraden er sett saman av åtte delfag og er gjennomført frå hausten 2018 til sommaren 2022. Det har til tider vore svært krevjande å studere ved sidan av fulltidsjobb, men mest av alt har studietida vore veldig motiverande i eiga leiarrolle og bevisstgjerande om organisasjonar, endring og innovasjon. Gode diskusjonar med andre studentar frå ulike private og offentlege verksemder, har gitt verdifulle perspektiv og ny læring. Takk for støtta!

Hallstein Vemøy, administrativ redaktør og HR-sjef i Distriktsdivisjonen i NRK